Høyonn i Oppigarden

By aslaug
Høyonn i Oppigarden © Magne Snilstveit

Høyonn i Oppigarden © Magne Snilstveit

GAMLE BILETE: Morosamt å vera med på slåtten i gamle dagar. Kor det gynga når du sat på toppen av høylasset. Frå venstre ser vi Jens Øye og systera Elisabeth – Liso. Dei to fyrste ungane er byfolk, nestemann er Jim Snilstveit som er med moster og onklar i slåtten. Hestekaren er Tobben – Torbjørn Øye.

Hesten er den sintaste og argaste hesten som nokongong har vore på Øyo, fortel Magne Snilstveit. Ho vart kalla Oppigardsmerro. Ho både sparka og beit, og det var berre Tobben som kunne med ho. men uvanleg god arbeidshest, det var ho.

Veit du noko meir om biletet? Send oss nokre ord, sjå nedanfor.

Legg igjen et svar

Your email address will not be published.