“Bjørnefjord” pÃ¥ veg til Odda

M/F Bjørnefjord passerar forbi Svinaskogen laurdag ettermiddag. Foto: Bjarne Øymyr
KULTURARV: Nei, det er ikkje komen ny fergerute frå Øyo til fastlandet. Men eit noko uvanleg syn var det å sjå M/F Bjørnefjord passera like utanfor Svinaskogen laurdag ettermiddag.
Bjørnefjord har lege i Dimmelsvik i nokre veker etter at Johan Brigtsen kjøpte ferga for å setja ho i stand. No går turen til Odda der ferga skal bli pussa opp.
Så langt vi kunne sjå gjekk Bjørnefjord for eiga maskin det meste av vegen, men måtte ha litt hjelp av slepebåten stundom. Men med frisk bris i ryggen seig dei inn fjorden i godt tempo.
I fylgje Kvinnheringen er planen å rusta opp ferga og setja ho inn i turisttrafikk. Ferga skal renoverast i samarbeid med mellom anna Hardanger Veteranvognklubb i Odda.
21. august 2010