Truleg basar-rekord

basar på øyo © bjarne øymyrNo finst det ikkje offisiell statistikk for talet på frammøtte på basaren på Øyo over tid. Men vi trur kanskje det er ny rekord for basaren i år. Med stort og smått kom ein fram til heile nitti frammøtte! Både i ganga, og på lærarverelset, og jamvel på utsida var det folk. Det kom forslag om overføring på storskjerm utanfor for å sikra at alle fekk med seg vinnertala. Med regn i lufta vart det ein basar med tett dogg på vindauga – nett slik det skal vera.

Åresalet var det ikkje noko å utsetja på – bortsett frå at det stadig vart utseld. Til neste år vil skulehusnemnda sørga for å auke talet på årer.

Fem åresal og lotteribok ga ein inntekt på over 17000 kroner. No blir det råd å halda fram med vedlikehaldet.

Comments are closed.