Drama i “påskefjellet”

Ikkje ofte det er redningsaksjonar i påskefjellet (dvs. Veten) på Øyo. Men like før basaren skulle starta skjærtorsdag kom det ambulansebåt og helikoptar. Meldinga gjekk ut på at ein turgåar på veg ned frå Veten hadde sklidd på ein is-svull (som det er svært mange av i år) og brote beinet. Dermed drog helikopteret opp med redningsmann i line. I trangt terreng med motsol var det litt bal å få pasienten opp – men ellers gjekk alt fint. Og så var det svevetur ned til Evjo, der ambulansebåten venta og frakta pasienten vidare. Vi har fått vite at det var tale om heile tre brot i foten.

Comments are closed.