Heimlause fuglar 2

EKSTREMVÆR III: Som Øyaposten meldte tidligare idag vart ein einebustad for ein fuglefamilie totalt øydelagd i ekstremværet. No har det seg slik at det utanfor redaksjonslokalet til avisa dukka opp ein fugl – som etter redaksjonen sin første vurdering – var ein temmeleg eksotisk fugl. Gul og fin! Gjennom konsultasjon med fuglekjennar på fastlandet (Toralf Gjuvsland) fekk vi imidlertid vite at dette var ein gullspurv av den mannlege sorten. Ikkje heilt uvanleg – men flott – med sterke fargar.

Det vart lenge spekulert på om atferden til denne fuglen kunne setjast i samanheng med saka vi presenterte tidligare idag, om einefuglebustaden som hadde blåst ned frå eit tre og hamna på bakken. Etter grundig etterforskning har det imidlertid ikkje vore mogleg å stadfeste ein slik samanheng.

Comments are closed.