Sommarutgåva utsett…
MASSEMEDIA: Redaksjonen kan berre beklaga. På grunn av særskilde omstende vart det ikkje tid til å ferdiggjera sommarutgåva av Øyaposten på papir. Det er noko usikkert om det kjem eit nummer seinare i haust – men det vil vi i såfall opplysa om på denne sida. (Det kjem sjølvsagt uansett nye utgåver neste år.)
Trøsta får vera at vi har fått ein ny versjon av Øyaposten på nett – og her vil det komma ein jamn straum av både nye og gamle bilete og nyhende frametter.
Merk at det no er mogleg å leggja att kommentarar både til den einskilde artikkel – og i gjesteboka. Særleg når det gjeld gamle bilete er det flott om det kjem innspill. Dessutan har vi fått inn søkjefelt.
Dei “gamle” biletseriane vil ikkje bli lagt over i det nye systemet med det første – men dei gamle sidene vil framleis vera tilgjengelege.