På gjestekaia for ca. 14. gong!

Fast innslag på gjestekaia (c) foto bjarne øymyr

Fast innslag på gjestekaia (c) foto bjarne øymyr

REISELIV: Eit fast innslag på gjestekaia i juli er tre familiar frå Stavanger. Kvar sommar tar dei turen til Hardangerfjorden og er gjerne innom Uskedalen, Sundal, Norheimsund – og sjølvsagt – Øyo. Dei har vore her dei siste cirka 12-14 åra. Og vi får vite at fleire av borna faktisk har lært seg å symje i Evjo. Dei er særs nøgde med hamna – både med badetemperatur, omgjevnader – og ikkje minst ro og atmosfære. Vi seier velkomen att neste år!

Legg igjen et svar

Your email address will not be published.