Er du ein brothest?

Brothest på ferde (c) foto bjarne øymyr
GAMLE ORD OG UTTRYKK: Test deg sjølv: Er du ein brothest? Veit du ikkje kva det er? Bli med i vår sjølvhøgtidelege brothest-test. Sjå om du er ein brothest og få auka sjølvinnsikt:
- Kor mange glas har du knust i sommar?
- Kor mange koppar har du knust i sommar?
- Kor mange verktyg-ting har du øydelagd i sommar?
- Kor mange mobiltelefonar har du trakka på i sommar?
Rekn saman svara for dei fire oppgåvene. Totalsummen avgjer resultatet:
Sum 0: Du har ikkje anlegg for å bli ein brothest.
Sum 1-4: Du har brothest i genet, men er berre ein amatør.
Sum 5-9: No snakkar vi…du er der nesten.
Sum 10 eller meir: Sjå der ja. Du er ein ekte brothest. Gratulerar!
Kva er så ein brothest (eit øya-uttrykk redaksjonen høyrde nyleg)?
Ola Lesto i “Orda langs vegen” har definert det slik: “Vørlaus/finesselaus i fysisk arbeid el. handling.” Ei anna lokal forklåring vi har fått er “Ein som berre egnar seg for å bruka spett og sleggje”.
hmmm, merkeleg, har denne testen noko med ein brothests hjelpelause startforsøk på diverse motorsager…?
…har de forresten spett og sleggje til låns…?
Johannes
Brothest-testen vart initiert etter at glasknusefrekvensen auka mistenkeleg sterkt i sommar. I utgangspunktet har det altså ikkje noko med motorsag å gjera.
Vi kan nok formidla utlån av spett – om du berre ikkje tar for hardt i…