Er du ein brothest?

Er du ein brothest?

GAMLE ORD OG UTTRYKK: Test deg sjølv! Er du ein brothest? Veit du ikkje kva det er? Bli med i vår sjølvhøgtidelege brothest-test. Sjå om du er ein brothest og få auka sjølvinnsikt... »

Øyaposten i ny versjon

Øyaposten i ny versjon

MASSEMEDIA: Vi har no bytta ut heile “maskineriet” som driv nettutgåva av Øyaposten. Med dette vil redaksjonen prøva å vera litt meir aktiv med både nytt og gamalt nytt – og biletserier. Visuelt sett er det ikkje dei store endringane, men det er kome på plass eit søkefelt. Dessutan har vi fått ei betre... »

På gjestekaia for ca. 14. gong!

På gjestekaia for ca. 14. gong!

REISELIV: Eit fast innslag på gjestekaia i juli er tre familiar frå Stavanger. Kvar sommar tar dei turen til Hardangerfjorden og er gjerne innom Uskedalen, Sundal, Norheimsund – og sjølvsagt – Øyo. Dei har vore her dei siste cirka 12-14 åra. Og vi får vite at fleire av borna faktisk har lært seg å... »

Sommarutgåva utsett…

Sommarutgåva utsett…

MASSEMEDIA: Redaksjonen kan berre beklaga. På grunn av særskilde omstende vart det ikkje tid til å ferdiggjera sommarutgåva av Øyaposten på papir. Det er noko usikkert om det kjem eit nummer seinare i haust – men det vil vi i såfall opplysa om på denne sida. (Det kjem sjølvsagt uansett nye utgåver neste år.)... »

Makrell, makrell!

Makrell, makrell!

FISKE OG FANGST: Det er meldt inn solide makrellfangstar den siste tida. Både pir og større variantar av arten. Vi reknar no med at omega-3-behovet til øyarane er dekkja inn for eit par år framover. (24.07.10) »

Nabobygda på nett

Nabobygda på nett

MASSEMEDIA: Øyapost-redaksjonen har tilbrakt noko tid på fastlandet for å utvikla ein ny nettstad for nabobygda Rosendal. Den er litt ulik Øyaposten, men mellom anna finn ein turforslag og kulturkalendar og mykje anna. Sjå rosendal.net. »

Skorpe-songen – “ØyoTube”

Skorpe-songen – “ØyoTube”

KULTUR: Redaksjonen vart gledeleg overraska då vi fekk tilsendt eit lydklipp frå Finland! Innhaldet var nemleg Skorpo-songen som vi presenterte i nr. 1 / 2009. Ein song om ein minnerik ungdomstur til Skorpo under 2. verdskrig. Det var ingen som huska heile teksten, men Torleiv Snilstveit klarte å rekonstruera han. Og det var nettopp... »

17. mai på Øyo

17. mai på Øyo

GAMALT NYTT: 17. mai tog 1951-52. Toget gjekk frå kaien og ut til Perane, inn til Snilstveit og attende til skulehuset. Her passerer dei Andersløo. Nokre namn kan vera feil, men vi veit at flaggberar er Johan Eidsvik, så kjem baketter i nokonlunde rekkefylje Harald Snilstveit, Johannes Førdedal, Knut Frimannslund, Usikker, Ingvald Førdedal, Gunnar... »

Bryllaup anno 1914

Bryllaup anno 1914

BRYLLAUP: Gamle bilete kan etter ei tid gå i oppløysing som her. Det er likevel morosamt å sjå kleda og alvoret. Biletet er teke utanfor Kvinnherad kyrkje i 1914. Brudeparet er Kristi Kalven og Lars Johan Omvik. tv. fyrste rad – far til brudgommen Samson Larson Omvik. Dei to brurepikene er systrene til brudeparet... »

Hobbo (“Herborg”)

Hobbo (“Herborg”)

SJØFARTSHISTORIE: Hobbo – eller Herborg som ho eigentleg heite – kom til Øyo i 1969. Det var Paul og Leif Skorpen som nytta ho til fiske og seinare som mjølkebåt. Mange unge øyarar fekk oppleva å vera med på sildafiskje. I neste nummer av Øyaposten (papirutgåva) som kjem i påska kan du lesa ein... »

Butikken langope i sommar

Butikken langope i sommar

NÆRINGSLIV: Bjørn Arne held ope lenge i sommar. Oppdager du at du er gått tom for solkrem utpå ettermiddagen er det framleis håp. No kan du handle heilt fram til 18.45 på kvardager og 17.45 på laurdager. Dei er særleg tilrettelagt for dei som kjem med rutebåten i kveldinga. Slik er opningstida i sommar:... »

BILETSERIE: Øyo idag 10. juli

Øyo idag © Bjarne Øymyr

BILETSERIE: Øyo idag 10. juli. Foto (c) Bjarne Øymyr »

Problem med Internet Explorer

Problem med Internet Explorer

Det har vist seg at biletseriene berre verkar delvis i versjon 7 og 8 av Internet Explorer. Dvs. at ein nokre gonger berre får opp ein svart firkant. (Det verkar fint i Firefox, Safari, Opera og Chrome). Dersom du opplevar det problemet kan du anten bruka ein av dei andre nettlesarane, eller du kan... »